Finn ditt lokallag
Norsk Folkehjelp er fagrørsla sin humanitære solidaritetsorganisasjon. Norsk Folkehjelp skal vere ein truverdig og uredd organisasjon. Vi tar standpunkt basert på kunnskap og erfaring frå eige arbeid i Noreg og ute i verda.
Vi er 13 000 medlemer og vel 100 lokallag. Laga våre bestemmer sjølve kva dei vil jobbe med. Mange arrangerer språktrening, mat og prat, kinobesøk og andre kulturaktivitetar, besøk hos eldre, symjing, idrett, turar og førstehjelpsopplæring. Slike møteplassar bidreg til å inkludere tilflyttarar, innvandrarar og flyktningar – både i lokalsamfunnet og i organisasjonslivet. Fleire lokallag er engasjert i antirasistisk arbeid.
Fleire av lokallaga engasjerer seg på ulike aksjonsdagar gjennom året, mellom anna på arbeidarane sin internasjonale solidaritetsdag 1. mai, kvinnedagen 8. mars, verdas flyktningdag, SNs internasjonale dag mot rasisme og diskriminering, årsdagen for Krystallnatta og SNs solidaritetsdag for Palestina. Mange lag deltar også i ulike former for solidaritetsarbeid – som støtte til palestinarane sin kamp – og til fredsarbeid, til dømes gjennom lokal støtte til den internasjonale kampanjen for å forby atomvåpen.
Her finner du lokallag med samfunnspolitiske aktiviteter
Jeg finner ikke noe lokallag i mitt område, kan jeg likevel være aktiv?
Ja, det kan du. Ta kontakt med våre rådgivere på aktiv@npaid.org