I front for eit grønare Laos
Kan Norsk Folkehjelp klare å redusere miljøavtrykket i eit land utan offentleg avfallshandtering, kor det å brenne plast og annan søppel over open flamme er heilt vanleg? Med ungdomsrørsla Zero Waste Laos på laget tek Laos-kontoret skritt i grønare retning.
Laos innehar den ufortente rekorden «verdas mest ihelbomba land». Ufattelege 2 millionar tonn klasebomber, flybomber og anna ammunisjon vart sleppt over det vesle landet av amerikanarane under Vietnamkrigen. Om lag ein tredel av eksplosivane som blei droppa, detonerte aldri, og den dag i dag reknar ein med at rundt 80 millionar bomber ligg og truar i jordsmonn, elvar, rismarker og jungel.
Sjølv om hundrevis av mineryddarar jobbar på spreng for å fjerne dei dødelege blindgjengarane, har Laos ein lang veg å gå mot ei framtid fri for eksplosivar. I mellomtida fortset dei eksplosive trugslane å ta liv og lemmar.
Ei anna og kanskje litt mindre innlysande side ved den eksplosive forureininga i Laos, er dei alvorlege ringverknadane dette har for miljøet. Giftige kjemikaliar siv langsamt ut i jordsmonn og grunnvatn og forårsakar skade på både menneske og dyr.
Men verdas mest ihelbomba land strevar med fleire miljøutfordringar enn bombene som ligg att etter krigen. Offentleg søppelhandsaming og resirkulering er nærast ikkje-eksisterande, og med den auken som har vore i bruk av eingangsplast dei siste tiåra, står Laos i dag overfor eit enormt søppelproblem. Mange dumpar søppel på ulovlege søppelfyllingar, men brenning av søppel er også svært vanleg, noko som går hardt ut over luftkvaliteten og folkehelsa i landet.
Oppryddingsarbeidet
Alle landa som har teikna under på klasevåpenkonvensjonen har forplikta seg til å hjelpe Laos og andre land som har eit klasevåpenproblem, med å bli kvitt desse. Norsk Folkehjelp har eit av sine største eksplosivryddeprogram her, med over 300 tilsette og operasjonar i fire provinsar i sør. Det er eit livreddande arbeid vi utfører med stoltheit. Men medaljen har også ei bakside.
- Det er ikkje til å stikke under ein stol at arbeidet med å finne og fjerne eksplosivar er forureinande for miljøet. Sjølve sprenginga av bombene produserer giftige gassar som forureinar jord, grunnvatn og luft. For å komme til er vi dessutan avhengige av å kutte ned og fjerne vegetasjon, og enkelte stadar nyttar vi ryddemaskinar, som gjer alt anna enn å fare fint med jordsmonnet. På toppen av dette kjem den daglege drifta av programmet og operasjonane, som krev ressursar og genererer avfall, seier Katherine Harrison, som jobbar som programkoordinator for Folkehjelpa i Laos.
Sidan Norsk Folkehjelp starta opp programmet i Laos, har dei rydda og klarert over 17 millionar kvadratmeter land. Dette er ein utruleg prestasjon som har kome titusenvis av menneske over hele Sør-Laos til gode.
- Men om vi samtidig forureinar landet eller lufta ved å dumpe eller brenne søppel, er det verdt å revurdere vår egen innverknad på landet og miljøet kor vi jobbar. Brenning av søppel er særskilt kritisk i eksplosiv-ramma land som Laos. Mange liv har gått tapt i eksplosivulukker som har oppstått på denne måten, forklarar Katherine.
Ho fortel at beskyttelse av miljøet i det operasjonelle arbeidet er noko Folkehjelpa ønskjer å jobbe aktivt for- og bli betre på. Utgangspunktet for arbeidet skal alltid vere prinsippet om at aktivitetane som blir gjennomførte, ikkje skal gjere skade på menneske eller miljø.
Eit grønare landprogram
Sidan 2019 har Norsk Folkehjelp jobba med å dra organisasjonen i grønare retning. Dette har resultert i ein klima- og miljøpolicy for heile organisasjonen, og hovudkontoret i Oslo vart nyleg sertifisert som miljøfyrtårn. Men det er utvilsamt i mineryddingsprogramma det er mest å hente. I Laos er dei allereie godt i gang med å redusere miljøavtrykket til programmet. Dei har inngått eit samarbeid med ungdomsrørsla Zero Waste Laos, som har sett miljøvern på kartet i det sørlege Laos.
- Eit av dei viktigaste bidraga til eit grønare Laos frå vår side vil bli å produsere minst mogleg søppel, samt hindre at søppel og farleg avfall vert brend eller dumpa i veggrøfta eller på illegale søppelfyllingar. Vi må minimere bruk av eingangsplast og anna ikkje-nedbrytbart materiell, og leggje til rette for mest mogleg gjenbruk. Kontora og felt-campane skal leggje til rette for resirkulering og kompostering, og nytte mellommenn som livnærer seg av å samle og selje avfall, forklarar Katherine.
I fjor haust gjennomførte Zero Waste Laos ei spørjeundersøking blant staben som gav grunn til bekymring. Undersøkinga avdekka store hol i kunnskapen om miljøvern, søppelhandsaming og resirkulering. Mange svara at dei sorterte søppel, for så å dumpe alt saman i illegale søppelplassar i nærleiken. Ein av tre innrømde å brenne avfall.
- Dette kom ikkje som noko overrasking. Folkehjelpa jobbar og rekrutterer i nokre av dei fattigaste og mest marginaliserte områda av Laos, kor bombene i bakken hindrar det meste av sosio-økonomisk utvikling, slik som infrastruktur. Då kjem naturleg nok søppelhandtering eit stykke ned på prioriteringslista.
Snuoperasjonen
I fjor haust arrangerte Zero Waste Laos eit heildagsseminar for alle 335 tilsette i Norsk Folkehjelp. Her fekk dei lære gode metodar for resirkulering og minimering av avfall. Dei lærte også om FNs berekraftsmål, klimaendringar og globale miljøspørsmål, og vart oppmoda til å spreie bodskapen i eigen familie og lokalsamfunn. Deltakarane fekk fleire aha-opplevingar under vegs, kan HR- og administrasjonssjef Khanthaly Moonvong bekrefte.
- Det som overraska meg mest var kanskje mikroplast, som eg ikkje var klar over at eksisterte. Eg var heller ikkje klar over at det finst bedrifter i hovudstaden Vientiane som kjem og samlar inn og resirkulerer avfall. At det finst ei lov som forbyr brenning av søppel, var også ukjent for mange, meg sjølv inkludert. Eg ser at det skjer ting i utlandet, men klima og miljø er ikkje på dagsorden her i Laos, oppsumerar ho.
Med eit smil om munnen fortel Khanthaly om det dårlege samvitet ho no får over å nytte plastposar og kaste plastsøppel, og dei metodane ho har teke i bruk for å redusere eigen plastbruk.
- På marknaden nyttar eg berre éin pose, og eg er nøye med å be grønsaksseljarane om å fylle opp den eg allereie har i staden for å gi meg fleire.
Ho minner om at miljø, som så mykje anna, er nært knytt opp mot økonomi og ressursar.
- Det er berre dei dyre butikkane og restaurantane som har råd til å bruke resirkulerbar emballasje. Resten nyttar plast. Og sjølv om elevane på den internasjonale skulen kor dottera mi går blir undervist i miljø og klimaspørsmål, tvilar eg på at dette står på læreplanen i den offentlege skulen. Heldigvis skal Zero Waste Laos snart til med ein skulekampanje, legg ho til.
I nabolaget til Khanthaly har dei oppdaga at det er ei kvinne som samlar flasker for å selje vidare. Mannen hennar har fått telefonnummeret hennar, og ringjer dei dagane dei har ting å gi bort. Løysinga er vinn-vinn for begge partar.
Programkoordinator Sivilay Chanthaphoumy seier han har lært mykje frå Zero Waste Laos.
- Det som overraska meg mest var kor mykje som faktisk kan gjenbrukast, resirkulerast og komposterast for å redusere avfall. Eg var klar over at det var viktig å ta vare på miljøet, men visste ikkje at ein skulle kjeldesortere søppel, så eg blanda saman alt avfallet. No har eg lært å lage kompost frå blad og matavfall, og har laga meg ein liten kompostbinge.
Borna til Sivilay har fått seg ei lita biinntekt ved å samle inn plastflasker som dei sel til søppelsamlarar.
- Tidlegare kasta vi dei berre saman med resten av søpla og betalte for å få det køyrt bort. No kan heller ungane tene seg litt lommepengar. Nabobarna har blitt inspirert til å gjere det same.
Så lenge myndigheitene ikkje tek grep om miljøforureininga og brot på lovgjevinga ikkje vert handheva, har Sivilay lita tru på at folk flest i Laos kjem til å bry seg om miljøet.
- Folk vil halde fram med å brenne eller kaste søppel i elva så lenge det ikkje får konsekvensar, meiner han.
Programassistent Chanthanousone Chanthavong stemmer i med kollegaen sin.
- Alle veit at det ikkje er bra for miljøet, og at det stinkar. Likevel held dei fram med å forsøple, brenne og dumpe avfall. Kvifor? Fordi søppelhenting ikkje førekjem, fordi folk ikkje veit at det er pengar å tene på gjenbruk og resirkulering. Utan insentiv, inga endring.
Chanthanousone blei sjokkert over å lære kor mykje søppel som vert produsert per dag i hovudstaden Vientiane.
- Tala er skyhøge, og over 70 prosent av søpla vert ikkje plukka opp, men blir dumpa eller brend.
Han er lite imponert over eigen generasjon, som verkar ha eit urokkeleg tankesett.
- Men miljøengasjementet til dei unge frivillige i Zero Waste gir grunn til begeistring. Pågangsmotet deira har tent eit håp i meg om at Laos går ei grønare framtid i møte.
Det engelske ordtaket «there is no away», som best kan omsetjast med «borte finst ikkje» - er ei svært treffande beskriving av den forureininga Laos slit med både frå eksplosivar og søppel. To millionar tonn bomber gjorde alt anna enn å forsvinne etter krigen. Over 60 år etter lid det laotiske folk framleis frå den eksplosive forureininga som ligg igjen.
Utan offentleg renovasjon, kan heller ikkje søppel simpelt hen «fjernast». Storparten av dei millionar tonn avfall som kvart år produserast, endar i staden opp med å forsøple den miste krok i alt frå storbyar til vakkert naturlandskap. Forureininga frå bombene ligg an til å forsvinne før eingongsplasten.