Fullskala samvirkeøving på Moelv

– Det å kunne bli betre saman under trygge forhold er viktig for at samhandlinga under aksjonar skal kunne bli så god som mogleg, seier Geir Nilsen, styreleiar i Moelv.
– Det å kunne bli betre saman under trygge forhold er viktig for at samhandlinga under aksjonar skal kunne bli så god som mogleg, seier Geir Nilsen, styreleiar i Moelv. Foto: Jonas Vikran Hagen

40 mannskap, markørar og observatørar frå Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunder, Redningsselskapet og politiet stilte opp då Moelv og Omegn inviterte til samvirkeøving.

Av Jarle D. Haukeland
Publisert: 20. november 2018 - 4:42
Oppdatert: 26. desember 2024 - 15:27

Bakgrunnen for øvinga var å prøve å styrke samhandlinga, slik at ein er betre rusta ved framtidige aksjonar.

– Det å kunne bli betre saman under trygge forhold er viktig for at samhandlinga under aksjonar skal kunne bli så god som mogleg, seier Geir Nilsen, styreleiar i Moelv.

Han er den som har vore pådrivar for å få gjennomført ei fullskala øving med fleire samvirkepartar. Dei gjekk breidt ut med varsel i forkant av øvinga for at folk i Moelv skulle vere budd på den ekstra oppstandinga.

– Vi gjekk ut i lokalmedia, satte ut skilt, leverte nabovarsel og hadde vakter ute i teig som kunne informere forbipasserande kva som foregjekk, seier Nilsen.

Samstundes seier han og at det er god reklame å vere synleg i lokalsamfunnet gjennom å gå rundt med uniform i forkant av øvinga.

Trening på bruk av teknisk utstyr var eit viktig delmoment i øvinga, og minst eit av funna på blei og gjort med hjelp av termisk kamera.
Trening på bruk av teknisk utstyr var eit viktig delmoment i øvinga, og minst eit av funna på blei og gjort med hjelp av termisk kamera. Foto: Jonas Vikran Hagen

Trente heile forløpet

Målet med øvinga var å trene heile forløpet ved ein aksjon, med varsling, effektivt oppmøte, arbeid i KO, søk etter sakna, pasientbehandling og uttransport.

Det var laga til to leiteaksjonar – ein for søk langs Mjøsa, og ein som var fokusert på land.

– På denne måten fekk me gode treningsarenar for alle organisasjonane, seier Nilsen.

Desse casane var aktørane informert om i forkant, slik at ein kunne forberede seg på dei. Det blei dessutan etterkvart i øvinga lagt til fleire casar som det ikkje var informert om, som gav både mannskap og KO nye og uventa utfordringar undervegs.

– Det er viktig for dei som sitt i KO å kunne øve på nye og uventa situasjonar og korleis dei skal prioritere dersom det er fleire ting som skjer på ein gong, seier Nilsen.

Fleire utfordringar

Ved å ha fleire markørar sikra ein at alle fekk vere aktive sjølv om det blei gjort funn. Etter at ein markør var funnen, behandla og frakta ut, så kunne mannskapa halde fram søket og slik fortsette øvinga.

Sjølv om det var mange som stillte opp, så opplevde Nilsen at det var visse utfordringar med å lage til ei slik stor øving.

– Organiseringa av samvirke må forbetrast til neste gong, det er visse utfordringar med å få til eit samvirke på sjø og land, spesielt i det ein tar utgangspunkt i ulike kart, ulike kartreferansar og ikkje har etablerte talegrupper på mannskapsnivå.

Trass i utfordringane undervegs meldte både RS og NRH i ettertid at dei var godt nøgd med øvinga.

Det tok mykje tid å lage til ein slik øvelse, mykje meir enn å lage til øvelsar til skogs eller på fjellet, men eg trur det var verdt den ekstra innsatsen.
— Geir Nilsen

Trener på teknikken

Trening på bruk av teknisk utstyr var eit viktig delmoment i øvinga. Både bruk av nettbrett og varmesøkende kamera er utstyr som det er viktig for mannskapa å kunne godt for å spare tid når det er reelle aksjonar.

Ein drog og nytte av akutthjelparprosjektet gjennom å låne den avanserte øvingsdukka «Sim-man» for å kunne gje mannskapa meir realistisk øving på pasientbehandling og konkret tilbakemelding på effekten av tiltaka som blir gjort undervegs. At utstyr kan brukast på tverrs av prosjekt viser dei positive ringverknadane som kan følgje av eit prosjekt.

– Folk var veldig godt nøgd med å få prøve seg med termisk kamera. Spesielt i områder der det var vanskeleg å ta seg fram til fots, kunne ein bruke utstyret for å dekke områda på avstand. Minst eit av funna blei og gjort med hjelp av termisk kamera, seier Nilsen.

– Det tok mykje tid å lage til ein slik øvelse, mykje meir enn å lage til øvelsar til skogs eller på fjellet, men eg trur det var verdt den ekstra innsatsen, seier Nilsen.

For andre lag som er interessert i få til eit tilsvarande opplegg så rår Nilsen at ein berre må ta ansvar.

– Vis initiativ og spør folk rundt om dei er interesert i å øve i lag, det var slik denne øvinga blei til.

Publisert: 20. november 2018 - 4:42
Oppdatert: 26. desember 2024 - 15:27

Relaterte artikler

Ovelseshelg Follo 2

Bygger samhold og kunnnskap i skogen

Samvirkeøvelsen på Jæren, der frivillige ambulanseperonsell fra Norsk Folkehjelp trener sammen med helsetjenesten, politi og brannvesen, er lærerik for alle som deltar.

Livsviktig førstehjelpstrening på Jæren