– Ny bil har gjort mykje for motivasjonen

Med støtte frå Stiftelsen Dam har Norsk Folkehjelp Sanitet Haukeland no kjøpt ny bil. Takk vere velvillige gardeigarar får bilen stå gratis i eit parkeringshus like ved depotet.
Med støtte frå Stiftelsen Dam har Norsk Folkehjelp Sanitet Haukeland no kjøpt ny bil. Takk vere velvillige gardeigarar får bilen stå gratis i eit parkeringshus like ved depotet. Foto: Hege Bjørnsdatter Braaten

Takk vere ein ny mannskapsbil kan legestudentane i Norsk Folkehjelp Sanitet Haukeland no raskt rykke ut på søk- og redningsoppdrag.

Av Hege Bjørnsdatter Braaten
Publisert: 05. februar 2024 - 2:59
Oppdatert: 22. desember 2024 - 02:02

Laget har rundt 400 medlemmer, og består av medisinstudentar på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Av desse er 50 godkjente søk- og redningsmannskap.

– Med ei meir effektiv utrykking kan vi raskare hjelpe andre ressursar, søke over eit større område og sette i gang potensielt livreddande arbeid, seier prosjektleiar Vilde Nygård Gangsø.

– Mange av dei vi søker etter er personar med demens eller med auka sjølvmordsrisiko, der tidsaspektet kan vere avgjerande for utfallet.

Laget har rundt 400 medlemmer, og består av medisinstudentar på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Laget har rundt 400 medlemmer, og består av medisinstudentar på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Foto: Hege Bjørnsdatter Braaten

Brukte halvannan time på å rykke ut

Haukeland-laget hadde tidlegare ein mannskapsbil, men i 2020 måtte denne vrakast. Det gjorde mannskapa avhengige av leigebil, noko som kunne auke utrykkkingstida betrakteleg.

– Vi hadde blant anna eit tilfelle der fleire av mannskapa våre måtte vente i halvannan time før dei fekk rykka ut, fordi det var få leigebiler tilgjengelege. I tillegg til dette opplevde vi også at det vart meir utfordrande å motivere mannskapa våre til å stille på aksjonar, seier Gangsø.

Lokallaget har eit depot i det gamle bygget til Gades institutt på Haukeland. Her blir alt dei treng for å delta i førstehjelpsoppdrag og i søk og redning oppbevart. Med leigebilar plasserte langt unna depotet, vart det tidkrevjande å gjere seg klare til å rykke ut.

Målet med prosjektet er å redusere responstida vår, altså den tida vi bruker frå vi tar imot eit utkall til vi er på plass på søksstaden.
— Vilde Nygård Gangsø

Ny bil og betre rutinar

Med støtte frå Stiftelsen Dam har Norsk Folkehjelp Sanitet Haukeland no kjøpt ny bil. Takk vere velvillige gardeigarar får bilen stå gratis i eit parkeringshus like ved depotet. Det betyr at mannskap raskt kan laste bilen og rykke ut på oppdrag.

– Prosjektet har også gitt oss ei meir føreseieleg utrykking, noko som har betra motivasjonen til mannskapa for å stille opp på søk, seier Gangsø.

Gjennom prosjektet har dei også revidert prosedyrane for å gjere utrykkingane meir effektive og føreseielege.

– Vi har jobba for å auke motivasjonen blant mannskapa våre, blant anna gjennom å senke terskelen for å delta i søk. Sidan vi som studentlag opplever relativt hyppig utskifting av medlemmene, har det også vore viktig for oss å fokusere på rekruttering av nye mannskap, instruktørar og lagleiarar, seier Gangsø.

Kvart år utdannar lokallaget rundt 60 nye førstehjelpsmannskap, 20 nye hjelpeinstruktørar og 15 nye søk- og redningsmannskap.
Kvart år utdannar lokallaget rundt 60 nye førstehjelpsmannskap, 20 nye hjelpeinstruktørar og 15 nye søk- og redningsmannskap. Foto: Hege Bjørnsdatter Braaten

Viktig bidrag til redningstenesta

Kvart år utdannar lokallaget rundt 60 nye førstehjelpsmannskap, 20 nye hjelpeinstruktørar og 15 nye søk- og redningsmannskap. Gjennom året arrangerer dei også ei rekke temakveldar innanfor søk og redning, førstehjelp og akuttmedisin. Med ny bil og betre rutinar håper dei at lokallaget blir ein enda viktigare del av den frivillige redningsinnsatsen.

– Målet med prosjektet er å redusere responstida vår, altså den tida vi bruker frå vi tar imot eit utkall til vi er på plass på søksstaden. I tillegg til dette ønsker vi å auke interessa blant mannskapa våre til å stille på aksjonar, slik at vi kan møte det aukande behovet for frivillig redningsinnsats i samfunnet, seier Gangsø.

Publisert: 05. februar 2024 - 2:59
Oppdatert: 22. desember 2024 - 02:02

Relaterte artikler

Masterstudent ved Oslomet, Anna Lebedeva, presenterer funnene i undersøkelsen.

Stor undersøkelse om frivilliges motivasjon

Kunstverk fra drøyt 30 kunstnere ble auksjonert bort til inntekt for Norsk Folkehjelp Bergen

Holdt kunstauksjon for å få kjøpt dronebil