
Årsmøte i Norsk Folkehjelp Sunnfjord, som vart stifta i 2011, åpna med flott kultur. Diktlesing, ei fortelling om opplevingar
frå ein asylant, hardingfele, song frå Etiopia og musikk frå Syria. Matservering var det også, nydeleg iransk mat, laga av
bebuarar på mottaket.
Det var ei god oppleving for oss som var til stades på årsmøte.
Ellen Indrebø held fram som leiar for laget. Laget har også fått eigen ungdomsansvarleg. Gratulerer med gjennomført årsmøte.
Les mer om Norsk Folkehjelp Sunnfjord - best på kultur

Februar er årsmøtetid og fleire av lokallaga har hatt årsmøte. Regionsleiar, Liv Mortensen og regionssekretær, Åse Vaksinen
Sælensminde vitja laga våre i Møre og Romsdal. Godt gjennomførte årsmøter i alle dei tre laga i dette fylket.
På bilete ser vi avtroppande leiar i Norsk Folkehjelp Ålesund og Omegn, Einar Vonstad og påtroppande leiar, Solfrid Viseth.
Vi takkar Einar Vonstad for iherdig innsats for Norsk Folkehjelp gjennom mange år.
Les mer om Årsmøtetid - fleire av laga i Norsk Folkehjelp Region Vest har gjennomført årsmøter
Region vest

Norsk Folkehjelp region vest omfattar Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regionskontoret er i Folkets Hus, Teatergt.
34 i Bergen. Opningstida er mellom kl. 09.00 og 15.00.
Kontakt:
Regionssekretær: Åse Vaksinen Sælensminde
Tlf: 90 01 20 97
Epost: regionskontoret.vest@folkehjelp.no
Leiar i regionsrådet: Liv Mortensen
Tlf: 91521039
Epost: liv.mortensen@sklbb.no
VIL DU BLI MEDLEM? Fyll inn skjemaet

Siden begynnelsen av oktober har Rasmus Laupsa Rasmussen jobbet med å rektruttere flere rasismefrie soner i region vest. Han
har foreløpig jobbet opp mot fagbevegelsen og begynner å se resultater.
Les mer om Rasismefrie soner i region vest

Tysdag 8. november inviterte regionskontoret til frokostmøte med fagrørsla i Bergen og Omland. Rundt 20 deltakarar høyrte
på ei engsjert innleiing av Liv Tørres, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.
Les mer om Frokostmøte på Folkets Hus i Bergen
Norsk Folkehjelp Sunnfjord, nystifta lag i Sogn og Fjordane

8. juni vart Norsk Folkehjelp Sunnfjord stifta. Det var LO i Førde og Omland som tok initiativet til å opprette eit lokallag
i Sogn og Fjordane. På stiftingsmøte meldte fleire seg til innsats. Laget har allereie hatt fleire arrangement og stand. Medlemstalet
har auka med 32 % og laget har no 37 medlemmer.
Både regionsrådet og regionssekretær ynskjer lukka til og ser fram til godt samarbeid i tida frametter. På bilete er Ellen
Indrebø, leiar, Alf Vidar Snæland, vara, Jarle Kirketeig, styremedlem, Katrine Hegglund, vara og Anne Lise Teigen, vara. Styremelem,
Katrine Apelset var ikkje til stades.

Det har vore travle dagar i haust både for tillitsvalgte, medlemmer og oss i administrasjonen. TV-Aksjonen 23 oktober gav
eit flott resultat og vi vil takke alle som på ein eller annan måte var involvert.
Fordelinga på dei tre fylka i region vest ser slik ut:
Hordaland: kr. 19 818 732
Møre og Romsdal: kr. 11 367 424
Sogn og Fjordane: kr. 5 329 522
Les mer om 36,5 millionar til TV-aksjonen i region vest. TUSEN TAKK!

Nesten alle lag i regionen var representert på den første leiarkonferansen i Norsk Folkehjelp Region Vest. Fleire viktige
saker var oppe til drøfting. Ny organisering, Landsmøte, rekruttering og ikkje minst TV-aksjonen.
Les mer om Vellukka leiarkonferanse i NF Region Vest

Finn Erik Thoresen vitja lokallaget i Sunnhordland onsdag 17. november. Han innleia på to møter, flyktningepolikk var tema
på høgskulen, på kveldsmøte var det Palestina som var i fokus.
Les mer om Palestinamøte på Stord